Boka om korleis naturen verkar.

Boka om å bli del av det magiske.

Boka om leik, trivsel og glede.

Boka om å endra verda.

Boka om håpet.

"I dei krisetider me lever i, treng me sårt til fortrylling. Me treng begeistring og fascinasjon for det naturnære. Å kompostera er langt meir enn ein avgrensa og avskilt aktivitet. Det er ein måte å leva på. Det å opna seg for komposten sine løyndomar, er å opna sinnet for at natur er så uendeleg mykje større enn mennesket. At naturen ikkje er til for oss, men at me kan vera til for den." Frå føreordet til Kompostboka av Dag Jørund Lønning