"I kompostbingen lever det gigantiske i det ørvesle. I omdanninga av matrestar til mold skjuler løyndomen om livet seg. Og med den svar på spørsmål me har slite med sida tida sin morgon. I bingen lever meining, retning og mål. Kompostmoderne framtidsfilosofi om mennesket som ein aktiv naturaktør." Frå Mirakla si tid vert aldri fordi
"Natur er ein evig sirkel, der det nye, framveksande og grøne er alle prosessars mål. Kvart einaste individuelle liv følgjer den same leisten. Frå mold til mold. Frå grønt til grønt. Kompostbingen er difor eit altar for Gaia. Eit uttrykk for hennar evige vilje. Og den som komposterer, komponisten, står midt i alt dette." Frå Det som var, er og blir
"Alt det du omgir deg med som ein gong har vore levande eller del av noko levande: Greinene og plenklippet, «ugraset», potetskrellet, kaffigruten frå traktaren og den mygla osten frå kjøleskåpet, den holete bomullsunderbuksa, avisa du las i dag tidleg, koteletten som er laaangt over dato, den ihelkøyrte katten i vegkanten. Til og med tippoldefar. Når den tid kjem." Frå Kva kan du kompostera?
"Å kompostera er å praktisera natur. Det å forstå og beherska grunnleggjande prosessar i naturen, gir ei fabelaktig meistringskjensle. Ein kjenner seg som del av ein heilskap, som midt inni noko uhyre viktig. Dette er djupt motiverande. Det gjev ny naturkunnskap og utvida engasjement for vår sterkt menneskeplaga klode." Frå ABC for naturbyggjaren
"Her er balansar, kryssbalansar, potensielle motsetnader, komplementære harmoniar og moglege eksplosjonar. Val og avvegingar, det livet består av, blir tvingande nødvendige. Den gode komposten oppstår som resultat av dei gode vala, den optimale balansen mellom alle kryssbalansane. Den gode komposten er heilskap og samanheng. Yin og yang kan ikkje eksistera uavhengig av kvarandre.
Å kompostera er definitivt ikkje «lett», men hjelpe meg kor interessant og lærerikt det er! Det å kompostera lærer ein å leva i pakt med naturen sine grunnleggjande prinsipp og balansegangar. Det lærer ein at kreativitet og verdiskaping er godt mogleg innanfor desse balansegangane."
Frå Yin og Yang i bingen
"Det trengs radikale endringar. Og det å kompostera, som symbolikk og som praksis, er noko av det aller viktigaste me kan gjera i kampen mot klimaendringar og kollaps i biologisk mangfald. Korleis? Fordi mennesket som komposterer står midt i naturen. Han og ho byggjer framfor å riva ned. Det er på denne basisen framtida må tuftast." Frå Komposten i det store bildet